Språk-, lese- og skriveplan for Sveio

Språk-, lese- og skriveplan for Sveio - Klikk for stort bilete Sveio kommunestyre vedtok 1. oktober 2018 ein ny språk-, lese- og skriveplan for barnehage og skule i Sveio. 

 Planen skal hjelpa til med å skapa ei samanhengande god språkopplæring frå borna startar i barnehagen som eittåringar til dei går ut av ungdomsskulen som sekstenåringar. Planen byggjer på rammeplanen for barnehagen og læreplanverket for grunnskulen, og er utarbeidd med god deltaking frå tilsette i barnehage og skule. Planen er no tilgjengeleg på Sveio kommune si nettside, her.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 09.01.2019