Står du i manntalet?


Du kan no undersøka om du står i manntalet i Sveio kommune.

Manntalet for kommunestyre- og fylkestingsvalet er utlagd i Servicekontoret på kommunehuset i Sveio. Manntalet blir liggande ute til og med valdagen måndag 11. september 2023.

Alle som står i manntalet vil få tilsendt eit valkort frå Valdirektoratet før valet. Dersom du mottar eit valkort, er dette stadfesting på at du står i manntalet, og det er dermed ikkje noko behov for å sjekka at du er registrert. 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottatt i Folkeregisteret innan 30. juni 2023, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Dersom du ikkje står i manntalet i nokon kommune, kan du ikkje røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023.

Du kan velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller du kan førehandsrøysta i kva som helst kommune. Du kan førehandsrøysta i Sveio kommune f.o.m. 10. august 2023, og du kan allereie no tidlegrøysta.

Du kan lesa meir om tidlegrøysting og førehandsrøysting på kommunen si infoside om valet: Val 2023 - Sveio kommune

Klage til valstyret

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet som er utlagd, og du meiner dette er feil, eller om det er andre feil i manntalet, kan du klaga til valstyret og be om at dette blir retta.

Du må i så fall klaga så raskt som råd. Klagen skal vera skriftleg og grunngitt.

Ein eventuell klage skal sendast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no (skriv «Klage til valstyret» i emnefeltet), ev. pr. post til Sveio valstyre, C/O Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Sametinget sitt valmanntal

Det er vanleg praksis at ein samstundes med utlegging av manntalet til kommunestyre- og fylkestingsvalet, legg ut manntalet til sametingsvalet. Det er ikkje sametingsval før i 2025, men ein legg ut Sametinget sitt valmanntal allereie no, slik at Sametinget kan få inn nødvendige ønske om innmeldingar i god tid før sametingsvalet. 

Du kan sjekka Sametinget sitt valmanntal i Servicekontoret på kommunehuset.