Stenging av Vågedalen veke 26–30

Sveio kommune skal utføra arbeid i Vågedalen i sommar, bl.a. skal det monterast lysmaster.

Vegen vil dermed bli stengt f.o.m. veke 26 t.o.m. veke 30 (ca. 27. juni–31. juli). Dersom arbeidet går raskaren enn forventa kan vegen bli opna tidlegare enn dette, men det vil det i så fall bli informert.

I stengeperioden blir det altså ingen moglegheit for gjennomkøyring mellom Tittelsnesvegen (fv. 47) og Gullvegen, men det vil vera tilkomst for fastbuande langs Vågedalen.