Straumstøtte til næringslivet

Ida Kristin Vollum

Sveio kommune gjennomfører ein ny søknadsrunde for kommunal straumstøtte til næringslivet (for same periode som ved førre runde). Søknadsfristen er 21. mai 2023.

Kommunestyret har sett av to millionar kroner for straumtilskot til lokalt næringsliv. Straumstøtta blir gitt som 60 % av differansen mellom straumkostnadar i perioden jan.–sep. 2021 og jan.–sep. 2022. 

Vilkår

Dei viktigaste vilkåra for å få innvilga støtte er at verksemda:  

  • er lokalisert i Sveio kommune.
  • er hovudinntektskjelda til minst éin person,
  • dekker sine eigne straumkostnadar,
  • har hatt minst 50 000 kroner i straumkostnadar i jan.–sep. 2022,
  • kan levera dokumentasjon (fakturaar og førebels rekneskap), og
  • får underskot i 2022 eller eit overskot som er lågare enn kva straumstøtta vil bli. 

Meir informasjon

Les meir og finn søknadsskjema her: Straumstøtte til næringslivet - Sveio kommune