Strøsand til pensjonistar og uføre

Illustrasjonsbilde strøsand - Klikk for stort bilete

Sveio kommune har tilbod om gratis utkøyring av strøsand til pensjonistar og uføre. 

Vinteren er høgsesong for brotskadar. Ved å strø fortau og trapper kan ein førebygga fallulykker.

Ta kontakt med Servicekontoret for bestilling på telefon 53 74 80 00.

Ein vil samla opp bestillingar før strøsand blir køyrd ut. Utkøyring av strøsand vil fortrinnsvis skje måndag og torsdag.

Pensjonistar og uføre kan òg henta ei bøtte med strøsand sjølv ved brannstasjonen (på baksida). I dette tilfelle må du ta med deg bøtte sjølv. Det er ope på dagtid og ein treng ikkje ringe på førehand.