Strøsand til pensjonistar og uføre

Strøsand - Klikk for stort bileteStrøsand

Sveio kommune vil også i år ha tilbod om gratis utkjørt bøtte med strøsand til pensjonistar og uføre.

Vinteren er høgsesong for bruddskader. Ved å strø fortau og trapper kan ein forebyggja fallulykker.

Ta kontakt med Servicekontoret for bestilling på telefon 53 74 80 00.

Ein vil samle opp bestillingar før strøsand vert kjørt ut.

Pensjonistar kan også hente ei bøtte med strøsand sjølv ved brannstasjonen. Ta i så fall kontakt på førehand på mobil 958 70 112 slik at me kan setja fram strøsand til deg.  

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 02.12.2019