Sveio kommune overtok drifta av Førde legekontor, 01.01.19

Førde legekontor - Klikk for stort bilete 01.01.19 slutta Astrid S. Aksdal som fastlege ved Førde legekontor. For å sikra vidare drift og kontinuitet ved Førde legekontor, har Sveio kommune inngått avtale om å overta drifta av Førde legekontor. Dette inneber at alle tilsette ved legekontoret fortset i stillingane sine som kommunalt tilsette, og at Jens Aksdal fortset som privatpraktiserande fastlege ved Førde legekontor.

Sveio kommune er svært nøgd med at erfaringa og kompetansen som Jens Aksdal og dei andre tilsette ved legekontoret har, fortsatt vil koma pasientane til gode og bidra til ein god kontinuitet ved legekontoret. Vidare har Sveio kommune tilsett 2 nye fastlegar ved Førde legekontor.

01.01.19 byrja Jakub Korzeniewski som er 30 år og kjem frå Polen. Etter utdanning og turnus, har han dei to siste åra jobba som allmennlege i Gdansk. Korzeniewski er ein ung men kunnskapsrik og målretta lege. Han har lært seg norsk i Polen, og pratar svært godt norsk til aldri å ha budd i Norge før.

Mary-Ann Sommernes er 51 år, og byrja ved Førde legekontor 01.09.19, etter at ho er ferdig med turnusteneste. Sommernes som opprinneleg kjem frå Oslo, har utanom medisinstudiet også utdanning som sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog og farmasøyt.

Fram til Sommernes byrja, haldt Jens Aksdal fram med same antal pasienter. Då Sommernes kom 01.09.19, reduserte Aksdal pasientlista si til 600-700 pasientar. Sjølv om Jens Aksdal fyller 70 år i februar 2020, ønsker både Aksdal og Sveio kommune at han fortset som fastlege så lenge som mogleg.

 

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 11.01.2019