Sveio kommune planlegg nyskapande idretts- og aktivitetshall!

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto – Nyskapande idrettsanlegg Lokale- og anlægsfonden

Denne veka fekk Sveio kommune svar på søknad om deltaking i Vestland fylkeskommune sitt prosjekt med fokus på prosjektering og planlegging av gode og nyskapande idretts- og aktivitetshallar. Sveio kommune er éin av fire kommunar i fylket, som etter innleiande søknad i vår, etterfølgd av lokale prosessar i perioden juni til oktober, kom med i finalerunden med søknadsfrist 1. oktober.

Det er ikkje alltid dei store grepa som skal til for å gi nytt liv til ein idrettshall, eller for å auka attraktiviteten for nye og fleire brukargrupper, som kanskje elles ikkje nyttar hallen. Bruksområda i den "nyskapande idretts- og aktivitetshallen" skal vera på tvers av eigenorganisert fysisk aktivitet, den organiserte fysiske aktiviteten idretten tilbyr, kultur og fritid. Stikkord er sosial berekraft og nye møteplassar. 

Badeanlegg, som er under planlegging, og nyskapande idretts- og aktivitetshall skal ligga i nær tilknyting til Vigdartun kultursenter og Sveio skule. I vidare arbeid med prosjektet vil det vera fokus på korleis ny hall kan fungera optimalt saman med eksisterande bygningsmasse i området. Målet for prosjektet er å skapa eit innbydande og triveleg anlegg med fokus på fysisk aktivitet for alle, og arbeida for at anlegget samstundes inneheld gode og viktige møteplassar på tvers av alder og helse, for å oppnå god folkehelsegevinst i eit langsiktig perspektiv. 

Håpet for prosjektet er at nyskapande idretts- og aktivitetsanlegg blir den naturlege møteplassen for flest mogleg av våre innbyggarar i framtida, som vil legga til rette for fysisk aktivitet på ulike nivå og på tvers av alder. Med eit nyskapande idretts- og aktivitetsanlegg kan me bygga vidare på aktiviteten og arbeidet med Vigdartun kultursenter, og få ein samlande sosial arena for flest mogleg som kan nyttast på dagtid, ettermiddags- og kveldstid og i helger, der ein kan møtast på ein uforpliktande måte og vera i fysisk aktivitet i organisert idrett og eigenorganisert aktivitet. I planlegginga er det tett dialog mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar, som representerer framtidige brukarar på ulike vis, for å sikra best mogleg tilrettelegging for flest mogleg. 

I vidare arbeid vil bl.a. kommunen få tildelt prosjektmidlar til prosesskompetanse og bidrag til investering i anlegg som ikkje blir dekka av spelemiddelordninga. Representantar for vårt lokale prosjekt skal delta på utviklingssamling med fokus på erfaringsutveksling, prosjektutvikling og profesjonell rettleiing. Etter dette skal det lokalt arbeidast vidare og ferdigstillast moglegheitsstudiar saman med arkitekt med rett kompetanse for akkurat vårt prosjekt. Moglegheitsstudie skal etter planen vera ferdig første kvartal 2023. Etter dette blir det å ferdigprosjektera anlegget og ha anbodsprosess, før bygging og ferdigstilling av prosjektet.

Pr. i dag står det 27 millioner kroner til disposisjon på fond øyremerka prosjektet, som elles skal finansierast med tilskot frå spelemidlar.