Sveio orienteringslag tilbyr turorientering!

Klikk for stort bilete     
Turorientering er eit flott tilbod frå Sveio orienteringslag som kan vera ein passande aktivitet for mange i tida me no er inne i.

Klikk for stort bileteSveio orienteringslag har sett i stand seks turar med til saman 72 orienteringspostar. Turane er i følgande område: 

  • Valestrandsfjella
  • Joavatnet rundt
  • Auklandshamn
  • Framnes/Liervatn
  • Ryvarden-marka
  • Fjellstad/Kattabergfjell

Les meir om tilbodet på turorientering.no. Her finst det òg informasjon frå orienteringslag i våre nabokommunar.

Sveio orienteringslag sine kart kan kjøpast på Haukås bensinstasjon, Førde daglegvare, Auklandshamn handel og Valevåg nærbutikk. 

Hugs smittevernreglane: Med mindre ein er i same familie / same husstand skal ein ikkje vera i grupper på fleire enn fem personar, og utandørs skal ein halda minst éin meters avstand til kvarandre. Orienteringslaget tar òg omsyn til smittesituasjonen ved å ha berøringsfrie postar. 

God tur!