Sveio skule kåra til "Årets MOT partnar ungdomsskule i Noreg»!

 Glade lærarar og rektor ved Sveio skule etter premiering av "Årets MOT parnar ungdomsskule". - Klikk for stort bilete Glade lærarar og rektor ved Sveio skule etter premiering av "Årets MOT parnar ungdomsskule".

Sveio skule fekk skryt for å ha jobba godt med MOT over lang tid. Skulen har lykkas spesielt godt med å spreie kunnskap og eigarskap til MOT til hele personalgruppa og til dei viktige vaksne.

MOT er eit forebyggjande livsmeistringsprogram i skulen. Det elevane lærer gjennom MOT, skal styrke ungdommane sin robusthet og bidra til meir inkludering.

Les meir om MOT på https://www.mot.no/

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 01.10.2019