Sveio skule stengt onsdag 28. oktober grunna positiv test på covid-19

Klikk for stort bilete
Seint i kveld 27. oktober, har vi fått melding om positiv test i forhold arbeidstakar ved Sveio skule. Vi treng å nytte morgondagen til å få oversikt over situasjonen i forhold til smittesporing. Sveio skule vil difor halde stengt for alle klassetrinn og SFO onsdag 28. oktober.

Meir informasjon vil bli gitt fortløpande når ein veit meir. Vi beklagar ulempene dette vil medføre, men det er viktig no å avgrense smittespreiing så raskt som mogleg.