Symptom, testing og karantene – ei påminning

Klikk for stort bilete 
I samband med at det er påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i Sveio, ønsker me å minna alle våre innbyggarar om kva ein bør gjera dersom ein opplev luftvegssymptom.   

Helsestyresmaktene har bestemt at alle som opplev luftvegssymptom i utgangspunktet skal ha høve til å testa seg for covid-19. Barn, elevar og tilsette i barnehagar og skular er i tillegg i den prioriterte gruppa for testing.

Dette heng saman med at helsestyresmaktene er heilt tydelege på at barn/elevar og tilsette med milde symptom i luftvegane og kjensle av sjukdom, ikkje skal møta i barnehagar og skular.

Testkapasiteten er blitt god her lokalt, og me oppmodar alle med symptom på infeksjon i luftvegane om å kontakta testsenteret i Aksdal på tlf. 52 75 74 00 for å avklara behov og avtala tid for testing. Opningstida er kvardagar kl. 08.30–15.00.

Dei med symptom skal halda seg i karantene til dei har blitt testa og fått testresultatet. Det er ikkje trong for tilvising frå fastlege for å bli testa.

Sjå elles illustrasjonen frå Folkehelsesinstituttet innleiingsvis i denne saka, for nyttig informasjon om kva ein skal gjera i ulike situasjonar, bl.a. når ein skal i karantene og når ein skal i isolasjon

Me minner òg om dei tre grunnpilarane for å bremsa smittespreiing:

  • Sjuke personar skal ikkje gå i barnehagen eller på skule/arbeid.
  • God hygiene, inkl. hyppig handvask.
  • Redusert kontakt mellom personar.

Elles viser me til kommunen si temaside for koronarelatert informasjon, samt nettsidene til Folkehelsesinstituttet og helsenorge.no