Ta i bruk AvtaleGiro og/eller eFaktura på rekningar fra Sveio kommune!

Klikk for stort bilete  Med AvtaleGiro og/eller eFaktura er det enklare å betale rekningar.

Avtalegiro er tilpassa dei betalerane som ynskjer automatisk betaling av rekningane sine, og det er ein av dei enklaste betalingsløysingane som finst.

• Du vil alltid varslast minst ei veke før forfall, så du har kontroll over betalingane.

• På forfallsdatoen vert rekningen betalt automatisk.

• Det beste av alt: Du treng ikkje lenger bekymra deg over purringar og ekstragebyrer.

Du kan òg velja å kombinera Avtalegiro og eFaktura. Då vil rekninga trekkjast på forfallsdato med Avtalegiro, og eFaktura m/spesifikasjon av fakturaen vil fungera som varsel i nettbanken. For kombinasjonen må du inngå både Avtalegiro og eFaktura avtale.

KID og eFaktura referanse finn du på faktura frå Sveio kommune, eller du kan få det ved å kontakta Sveio kommune på telefon: 53 74 80 00.

Fyll ut skjema: Automatisk betalingar av rekningar (PDF, 414 kB).