TellTur-sesongen startar 1. april!

Klikk for stort bileteUtsiktspunkt Smørsund Svein Magne Vikse I 2020 blir det kodar på 10 turmål i Sveio. TellTur-sesongen startar onsdag 1. april og varer fram til 1. november. På grunn av faren for å spreie koronavirus, er alle kodane sett opp slik at ein ikkje må opna postkasse e.l. for å finna dei.

TellTur er friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering. Her kan du finne nye turmål og registrere resultata dine ved hjelp av SMS eller direkte på nettet. Både korte og lange turar er med, og målet er å motivere endå fleire til ein aktiv kvardag i friluft.

Les meir om TellTur, og registrer turane dine, på www.telltur.no.

Meir informasjon om korleis ein kan halde fram med å drive friluftsliv utan å spreie koronavirus finn du på Friluftsrådet Vest sine nettsider.