TellTur-sesongen startar 1. april!

Digranesvarden..JPG - Klikk for stort bilete

I 2019 blir det kodar på 10 turmål i Sveio, av dei er tre nye av året. Totalt er det 126 turmål i Friluftsrådet Vest sitt område. TellTur-sesongen startar måndag 1. april og varer fram til 1. november.

 

TellTur er friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering. Her kan du finne nye turmål og registrere resultata dine ved hjelp av SMS eller direkte på nettet. Både korte og lange turar er med, og målet er å motivere endå fleire til ein aktiv kvardag i friluft.

Les meir om TellTur, og registrer turane dine, på www.telltur.no.

 

Turmål i Sveio:

Digranesvarden på Vikse (ny)

Bjellandselva (ny)

Vågamarka (ny)

Børshovda

Trollavassnipen

Emberlandsnipen

Målefjell

Hopsfjellet

Storavatnet i Auklandshamn

Landsåt

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 26.03.2019