Illustrasjonsfoto nærmiljø og sosiale møteplassar
Frivillige lag og organisasjoner, velforeninger og bygdelag i krinsane Vikse, Bua, Sveio, Lid, Valestrand, Førde og Auklandshamn vart i 2022 inviterte til å søkje om inntil kr 200 000 i tilskot frå Sveio kommune til etablering av "Nærmiljø og sosiale møteplasser".
Tilskot til "Nærmiljø og sosiale møteplasser" skal vere med å bidra til auka aktivitet, betre folkehelse og gje attraktive lokalsamfunn for alle aldersgrupper. Viktige premiss for arbeidet er å få etablert ein attraktiv stad sentralt i bygda der alle kan møtast og trivast.
Kommunestyret i Sveio vedtok i sak 017/23 20.02.2023 å gje tilskot kr 200 000 til bygdene Auklandshamn, Førde, Bua og kr 180 000 til Valestrand.
I saka vart det gjort vedtak om å lyse ordninga ut på nytt, med søknadsfrist 1. april 2023.
Dei prosjekta/bygdene som til no ikkje har fått løyve om tilskot, eller som ikkje har fått ut maksimal tilskottssum på kr 200 000, blir oppfordra til å søkje.
Sjå retningsliner for vilkår for søknad (PDF, 438 kB)og rapporten Bulyst (PDF, 5 MB)med informasjon om tiltak bygdene sjølv har definert som viktige satsingsområder.
Send søknad til postmottak@sveio.kommune.no eller Sveio kommune, Postboks 40, 5559 SVEIO. Merk: "Nærmiljø og sosiale møteplasser"