Tilskot til verna kulturminne i Vestland fylke

Klikk for stort bileteVerna kulturminneTilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar.

Søknadane skal gå gjennom kommunen. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. I år oppfordrar me særleg eigarar av naust i omsynssone til å søkja.

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 15. februar. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.

Søknadsskjema og informasjon finn du her: https://www.sveio.kommune.no/kultur-og-idrett/kulturvern-og-kulturminne/tilskotsordning-for-kulturvern/