Tilskot til verna kulturminne – utvida søknadsfrist

Eldhus Avløypet - Klikk for stort bileteEldhus Avløypet

I samband med at Sveio har blitt del av det nye Vestland fylke, er søknadsfristen for tilskot til verna kulturminne utvida. Ordninga er elles ikkje endra. Fylkeskommunen gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar. Søknadane skal gå gjennom kommunen. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg.

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 15. februar. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.

Søknadsskjema og informasjon finn du her: https://www.sveio.kommune.no/kultur-og-idrett/kulturvern-og-kulturminne/tilskotsordning-for-kulturvern/


 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.01.2020