Trekning av lokale premiar i TellTur

Telltur vinnarar 2018 - Klikk for stort bilete TellTur-sesongen 2018 er over, og resultata for heile regionen har vore klare ei stund. Dei finn du på https://www.telltur.no/resultater. Friluftsrådet Vest har premiert vinnarane i heile regionen tidlegare. Sidan registreringssystemet blei lagt om midt i sesongen er det registrert færre deltakarar i år enn tidlegare, men 1650 brukarar var med heilt til sesongen blei avslutta 1. november. 

Nå er det òg trekt ut nokre vinnarar blant dei som har gått turane i Sveio. Totalt hadde me 10 turar med i år. Blant dei 125 som har gått alle 10 er Terje Løberg frå Karmøy trekt ut som vinnar av eit gåvekort på 1000 kroner. Av dei 152 som har gått minst åtte av turane er det trekt tre vinnarar som får eit gåvekort på 300 kroner: Anita Grainger, Hildegunn Hervik Flengstad og Rune Svensen. Av deltakarane som er 13 år og under, og som har gått minst 5 turar i Sveio, er det trekt tre vinnarar som får eit gåvekort på 250 kroner: Karita Søvik, Andreas Bårtvedt Talle og Kamilla H. Sveen. Gratulera til vinnarane, og takk til alle som har deltatt!

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 11.12.2018