Vaksine mot influensa

Illustrasjonsbilde vaksine - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde vaksine

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinerer deg. Personar i risikogrupper bør ta vaksine mot influensa årleg.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 07.11.2019

 Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

- Alle som har fylt 65 år

- Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim

- Barn og vaksne med:

  • diabetes mellitus, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom
  • kronisk hjarte- og karsjukdom
  • kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
  • nedsatt immunforsvar
  • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom

- Gravide frå 12. veke i svangerskapet.

 Ta kontakt med fastlegen din om du ønskjer influensavaksine.