Val 2019 – informasjon

Vallogo (Valdirektoratet) - Klikk for stort bilete

Manntalet
For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 9. september 2019 må du vera registrert i manntalet. Alle personar med røysterett blir automatisk ført i manntalet i den kommunen dei var registrert i Folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2019.

Manntalet for Sveio kommune ligg no ute til offentleg ettersyn i Servicekontoret på kommunehuset. Her ligg det f.om. 10. juli t.o.m. valdagen 9. september. Du kan undersøka om du står oppført ved å ringa Servicekontoret på telefon 53 74 80 00 eller ved å møta opp.

Klage
Dersom du ikkje står i manntallet og meiner det er feil, eller finn andre feil i manntalet, kan du klaga til Sveio valstyre. Klaga skal vera skriftleg og grunngitt, og må sendast snarast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no (skriv "Sveio valstyre" i emnefeltet) eller pr. post til Sveio valstyre, Postboks 40, 5559 Sveio.

Førehandsrøysting og tidlegrøysting
Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottatt hos Folkeregisteret innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velja om du vil røysta på valdagen 9. september i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta. Førehandsrøysta vil då bli sendt til kommunen du flytta frå.

Den ordinære førehandsrøystinga innanriks startar 10. august, men det er mogleg å tidlegrøysta allereie frå 1. juli. Både tidlegrøysting og førehandsrøysting skjer i Servicekontoret på kommunehuset.

Klage
Dersom du ikkje står i manntallet og meiner det er feil, eller finn andre feil i manntalet, kan du klaga til Sveio valstyre. Klaga skal vera skriftleg og grunngitt, og må sendast snarast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no (skriv "Sveio valstyre" i emnefeltet) eller pr. post til Sveio valstyre, Postboks 40, 5559 Sveio.

Meir informasjon
Valdirektoratet har mykje god informasjon om val generelt på sine nettsider.

Informasjon om valgjennomføringa her Sveio (vallokale, opningstider m.m.) finn du på vår valside

Publisert av Bjarte Stølås Storli. Sist endra 06.08.2019