Velkommen til arbeidsmøte om nettportalen Friskus.com.

Friskus.jpg - Klikk for stort bilete

Til alle lag og organisasjonar i Sveio kommune.

Velkommen til arbeidsmøte om nettportalen Friskus.com.

Tidspunkt: 15.oktober kl. 17.00. Det blir servering av pizza i frå kl. 16.30.

Stad: Kommunestyresalen   

 

Sveio kommune har gjort det mogleg for deg å bruke Friskus.com – heilt gratis. Friskus.com er ein aktivitetskalender for alle typar lag og organisasjonar som vil vise fram sine aktiviteter, koordinere og rekruttere - alt på ein stad. Alle organisasjonar får sitt eige digitale stad i Friskus.com for kommunikasjon med medlemmer og koordinering av aktivitetar, samt eit verktøy for synlegheit og rekruttering.

Møt opp den 15. oktober og din organisasjon vil få ein enkel innføring i bruk av Friskus.com. Ta med PC og gjerne informasjon om aktivitetstilbod (kor, når, kva, billete), så vil du få hjelp til å leggje det ut i kalenderen med ein gong!

Lag deg ein konto på www.friskus.com – og meld deg på arbeidsmøtet!

Lenkje til påmelding FRISKUS arbeidsseminar: https://friskus.com/content/perma?id=65641

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 02.10.2019