Vil du bidra i årets stortingsval? Me treng folk til røystestyra!

Klikk for stort bileteI år er det stortings- og sametingsval. På valdagen har røystestyra ein av dei viktigaste jobbane – det er dei som har ansvaret for den praktiske gjennomføringa av valet i den enkelte krins. Kunne du tenkt deg å bidra?

Spesielt i år treng me ekstra mange varamedlemmer for å sikra oss i tilfelle andre må i koronakarantene på valdagen.

I Sveio kommune er det tre valkrinsar: Sveio, Førde og Vikse. Kvar krins har eitt røystestyre, med åtte medlemmer i Sveio og fem medlemmer i Førde og Vikse. Røystestyra blir valde for ein periode på tre år, slik at dei deltar på eitt stortingsval og eitt kommunestyre- og fylkestingsval. Dei som blir valde i år vil dermed delta på stortingsvalet i år og kommunestyrevalet i 2023. Kommunestyret har delegert til valstyret å utpeika røystestyra. Valstyret består av ordførar, varaordførar og eitt kommunestyremedlem.

Røystestyra sine oppgåver er blant anna å klargjera røystelokala og rydda ned når valet er over. Røystestyra tar imot røystene på sjølve valdagen, rettleiar veljarane og sørger for at alt går riktig for seg. 

Ikkje alle som har vore medlem i røystestyra i førre periode kjem nok til å stilla på nytt, så me treng fleire kandidatar! I tillegg treng me i år ekstra mange varamedlemmer, for å sikra oss i tilfelle nokon av medlemmene (eller varamedlemmene) må gå i koronakarantene på valdagen. 

Det er ingen særskilde krav for å vera medlem i røystestyra, men som hovudregel er det medlemmer som bur i den aktuelle krinsen som er med i røystetyret for denne krinsen.

Ønsker du å melda di interesse for å delta i røystestyra, eller har du spørsmål? Kontakt politisk sekretær på bjarte.stolas.storli@sveio.kommune.no