Alger i Vigdarvatnet

Vigdarvatnet - Klikk for stort bileteVigdarvatnet Foto: Natalia Soto Danmo

Det er påvist høgt nivå av blågrønalger i vassprøve fra Vigdarvatnet teke i veke 40, der også nokre typar som kan lage toksiner (giftstoffer) i vatnet. 

Kommunen har diskutert saka med Mattilsynet og råder til at Vigdarvatnet ikkje vert brukt som drikkevatn til menneske, før vi har teke prøvar som viser betre resultat.

Evt. husstandar som bruker dette til drikkevatn kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å ta vassprøvar og få desse analysert.

Vatnet bør heller ikkje drikkast av dyr. Eigarar av bufe som går langs vatnet bør gjere tiltak for å sikre at dyra ikkje drikk av vatnet.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 06.10.2017