Årsbudsjett 2019 til offentleg ettersyn

Sveio kommunehus - Klikk for stort bileteSveio kommunehus Ida Kristin Vollum

 

 

Framlegg til årsbudsjett 2019 (PDF, 5 MB)

Vedlegg til framlegg for årsbudsjett 2019 (PDF, 2 MB)

 

FOR-112/18 BUDSJETT 2019, ØKONOMIPLAN 2019-2022

Rådmannen sitt forslag til vedtak:

1. Framlegg til økonomiplan 2019-2022 slik det går fram av vedlegg 1 til budsjettvedtaket   vert vedteke.

2. Framlegg til investeringsbudsjett for 2019 -2022, slik det går fram av investeringsbudsjettet (vedlegg 1 til budsjettvedtaket), vert vedteke.

3. Framlegg til inntektsrammer, renter og avdrag, avsetjingar og overføringar til investeringsbudsjett for 2019 slik det går fram av budsjettskjema 1a vert vedteke.

4. Framlegg til netto driftsrammer for driftsbudsjettet for 2019 slik det går fram av budsjettskjema 1b side 62, vert vedteke. Resultatet av gjennomførte lønsforhandlingar i 2019 kan innarbeidast i rammene til rammeområda ved omfordeling frå rådmannen si ramme for avsett 5. Skattevedtak: Kommunalt inntektsskatteøyre i samsvar med Stortinget sitt vedtak om maksimalsats. Eigedomskatt –jf. eiga sak om eigedomskatt.

6. Kommunestyret godkjenner låneramme på inntil kr 41 704 000,- til investeringsformål. Låneramma skal dekka investeringsprosjekta som vert vedtekne i budsjett 2019. Ved inngåing av rammeavtalar der innkjøp krev finansiell leasing, vil kommunestyret få framlagt eiga sak.

7. Kommunestyret godkjenner i tillegg ei låneramme på kr 0,- til vidare utlån, Startlån. Utlån kan ligga på same nivå som tidlegare, og finansierast av tidlegare ikkje utlånte midlar.

8. Låneopptaket og signering av lånepapir vert delegert til rådmannen. Løyvingar for vedtekne prosjekt (investeringar) som ikkje er fullført ved årsskiftet 2018/2019, vert overført til 2019 avgrensa til dei beløp som er nødvendige for å fullføra prosjekta.

9. Kommunestyret vedtar låneporteføljen til Sveio kommune (vedlegg 3). Alle lån i porteføljen kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret 2019. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn formålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak.
tilleggsløyving.

10. Kommunestyret vedtek å ha ei driftskredittramme på inntil kr 20 000 000.

11. Kommunale avgifter og gebyr vert auka i tråd med handsama sak om kommunale avgifter. Avgifter og gebyr i Sveio kommune skal som hovudregel følgje prinsippet om sjølvkost. Syner her til eiga sak om kommunale avgifter.

12. Ordføraren si godtgjersle for 2019 vert sett til 90 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle og i samsvar med KOM sak 78/07.

13. Sveio kommune går over frå amortisering (utgiftsføring) av premieavvik pensjon over fleire år til amortisering (utgiftsføring) over ett år.

Formannskap 03.12.18

Partia sine budsjettforslag vert ikkje realitetshandsama i formannskapet.

 

Innspel frå Sveio FrP:

Forslag til endringer av rådmannens forslag til budsjett for 2019.

  1. En 100% stilling til helsestasjonen. Her må helsestasjonen selv øke kapasiteten der hvor det er behov.
  2. Øke bunnfradraget på eiendomsskatt med kr.200 000,-

Vi er enig med rådmannen sin vurdering om en amortisering av premieavviket i forhold til pensjonsforpliktelsene våre. Vi ser at en slik ekstraordinær betaling kan og bør tas fra fond.

Midlene til framlagte forslag tas fra fond med kr. 2,5 mill.

Habilitering er viktig for både kommune og brukere: Sveio FrP ønsker å signalisere at vi vil be om en sak ; Hvordan vi organiserer habilitering for fremtiden.

Sveio FrP vil også sette søkelys på å øke tilstedeværelsen av lærere.  Med gode resultat fra pleie og omsorg må en se på om dette er en modell som kan overføres.  (Eks. 5% overkapasitet av lærere)

Havbruksfondet ønsker Sveio FrP å bruke til glede for innbyggerne. Da er en økning i hallkapasiteten for idrett i Sveio en god måte. Derfor ønsker vi allerede nå å signalisere at vi ønsker en sak over på nyåret, hvor havbruksfondet øremerkes dette formålet.

Vigdartun - miljøarbeidar kveld/helg.

Innspel frå Sveio AP:

Sveio AP støttar rådmannens framlegg til budsjett for 2019 og økonomiplan 2019-2022 med følgjande endringar:

Driftsbudsjett 2019:
Styrka innsats mot barnefattigdom,NAV/HAB                                      0,1MNOK
Tidleg innsats/auka grunnbemanning                                                  0,6MNOK
Byggemodne buområde/tomter                                                            0,5MNOK
Auka satsen mot Sunnhordland Museum                                            0,1MNOK
Havbruksfondet, plastaksjon                                                                0,01MNOK

Styrke støtta til lag og organisasjonar
Velferdsteknologi med innføring av nye hjelpe-middel
Auka grunnbemannings-prosjekt også utprøva innanfor andre einingar.

 

Inndekking:
Auka skatteinngang/disp. driftsfond

 

Investering 2019-2022:
Velferdsteknologi, nye hjelpemiddel/digitalisering                       0,3MNOK
Tryggleiks- og meistringsteknologi   
Trafikksikring/logistikk Sveio skule og idrettsanlegg
 (sprenge fjell)   
Ny innandørs fotballhall 2022,oppstart                                        1,0MNOK
Vurdere grusbane ved SOS, idrettsbane/park for off. 2021        1,0MNOK

Inndekning:
Auka låneopptak/dispfond

Innspel frå Krf, SP og Høgre:

NY IDRETTSHALL

Midlene fra Havbruksfondet skal legges inn i en ny idrettshall(anlegg) og her vil vi sette av midler på investeringsbudsjettet for 2019 og 2020 til dette.

Dette skal følges opp med at kommunestyre får en sak i 1.halvår 2019 som viser hvilke behov er det idretten har i Sveio de kommende årene. Dette må gjøres i nært samarbeid med idretten selv.

EKRENE INDUSTRIPARK

Kommunestyre må i løpet av 2019 få ei sak som vurdere ulike strategier med formål å få til et aktivt markedsførings- og salgsapparat for å videreutvikle industriområdet for nye næringsetablerere. Et alternativ kan være å etablere et eiendomselskap hvor eiendomen(e) inngår og at selskapet åpner for privat eierskap.

DEMENSLANDSBY

Skal Sveio ta initiativ til å etablere en demenslandsby for regionen sine demense innbyggere? Dette kan være et tilbud mot kommuner i nord og sør. Det sies at i overkant av 80% av de som har langtidsplass i sykehjem, har demenssykdom og over 40% av de som som er over 70 år og får hjemmetjenester, har demens. Videre er det også forventet at på grunn av økningen av levealderen så vil antallet personer med demens mer en dobles frem mot 2050. Første fase i en slik etablering er å kartlegge hvilke kommuner er mulige "kunder" og hva er behovet.

UTVIDET LÆRERSTAB

Øke skolebudsjettet med 800.000 kroner, der økningen skal gå til å ansette 1-2 flere lærere, og som skal fungere som vikarlærere ved sykdom, etc..

Røysting: Rådmannen sitt framlegg til pkt. 1,2,4,5,6,7,8,9,10,11,12 og 13 vart samrøystes vedtatt.

Rådmannen sitt framlegg til pkt. 3 med denne endringa: "Auka botnfrådraget med kr. 200.000 vart vedtatt med 5 mot 2 røyster 

Mindretalet: Jarle Jacobsen og Beathe S. Haugland
 

Formannskapet si tilråding til kommunestyret:


1. Framlegg til økonomiplan 2019-2022 slik det går fram av vedlegg 1 til budsjettvedtaket   vert vedteke.

2. Framlegg til investeringsbudsjett for 2019 -2022, slik det går fram av investeringsbudsjettet (vedlegg 1 til budsjettvedtaket), vert vedteke.

3. Framlegg til inntektsrammer, renter og avdrag, avsetjingar og overføringar til investeringsbudsjett for 2019 slik det går fram av budsjettskjema 1a vert vedteke med denne endringa: Auka botnfrådraget med kr. 200.000.

4. Framlegg til netto driftsrammer for driftsbudsjettet for 2019 slik det går fram av budsjettskjema 1b side 62, vert vedteke. Resultatet av gjennomførte lønsforhandlingar i 2019 kan innarbeidast i rammene til rammeområda ved omfordeling frå rådmannen si ramme for avsett tilleggsløyving.

5. Skattevedtak: Kommunalt inntektsskatteøyre i samsvar med Stortinget sitt vedtak om maksimalsats. Eigedomskatt –jf. eiga sak om eigedomskatt.

6. Kommunestyret godkjenner låneramme på inntil kr 41 704 000,- til investeringsformål. Låneramma skal dekka investeringsprosjekta som vert vedtekne i budsjett 2019. Ved inngåing av rammeavtalar der innkjøp krev finansiell leasing, vil kommunestyret få framlagt eiga sak.

7. Kommunestyret godkjenner i tillegg ei låneramme på kr 0,- til vidare utlån, Startlån. Utlån kan ligga på same nivå som tidlegare, og finansierast av tidlegare ikkje utlånte midlar.

8. Låneopptaket og signering av lånepapir vert delegert til rådmannen. Løyvingar for vedtekne prosjekt (investeringar) som ikkje er fullført ved årsskiftet 2018/2019, vert overført til 2019 avgrensa til dei beløp som er nødvendige for å fullføra prosjekta.

9. Kommunestyret vedtar låneporteføljen til Sveio kommune (vedlegg 3). Alle lån i porteføljen kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret 2019. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn formålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak.

10. Kommunestyret vedtek å ha ei driftskredittramme på inntil kr 20 000 000.

11. Kommunale avgifter og gebyr vert auka i tråd med handsama sak om kommunale avgifter. Avgifter og gebyr i Sveio kommune skal som hovudregel følgje prinsippet om sjølvkost. Syner her til eiga sak om kommunale avgifter.

12. Ordføraren si godtgjersle for 2019 vert sett til 90 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle og i samsvar med KOM sak 78/07.

13. Sveio kommune går over frå amortisering (utgiftsføring) av premieavvik pensjon over fleire år til amortisering (utgiftsføring) over ett år.

FOR-110/18 KOMMUNALE GEBYR 2019

Rådmannen sitt forslag til vedtak:

1) Husleige: Leige for bustader aukar tilsvarande konsumprisindeksen siste år. Per 09.11.18 er KPI 3,1 %. Andre leiger endrast i tråd med gjeldande kontrakt.
2) SFO: Satsane vert auka med 2,8 %.
3) Barnehagesatsar: Følgjer statens makspris, som frå 01.01.2019 er sett til kr 2 990,- per månad for heiltidsplass, og frå 01.08.19 er sett til kr 3040,- for heiltidsplass. Pris for deltidsplassar vert auka med 2,8 %.
4) Heimetenester, tryggleiksalarmar o.a.: Sats på dagsenter, tryggleiksalarm og installasjon av tryggleiksalarm vert halden uendra. Gebyr for heimehjelp vil bli justert. Timeprisen på heimehjelp vert redusert, medan utgiftstaka for heimehjelp vert auka. Maksimal samla eigenandel per månad til heimehjelp ved inntekt under 2 G følgjer makspris vedteke av Stortinget.
5) Matombringing: Satsane på matombringing vert auka med 2,8 %
6) Opphald sjukeheim: Satsane for korttidsplass og dagplass blir vedtekne i samsvar med maksimalsatsar vedteke av Stortinget. Satsane for 2019 vert meldt til kommunane i midten av desember.
7) Planlegging, matrikkel, deling- og byggesakshandsaming: Satsane vert auka i hovudsak med 2,8 %. I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra for oppmåling auka med 25 %, og for byggesak redusert med 15 %.
8) Renovasjon: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra halde uendra.
9) Slamtøyming: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra halde uendra. 
10) Vatn: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra auka med 2 %. Gebyr for tilkopling vert halden uendra.
11) Avløp, reinsing: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra auka med 9 %. Gebyr for tilkopling vert halden uendra.
12) Feiing og tilsyn: I forhold til forventa sjølvkost vert årsgebyret auka med 5 %
13) Kulturskulen: Satsane vert halde uendra.
14) Borgarleg vigsel: Satsane vert auka med 2,8 %.

Røysting: Samrøystes som tilrådd av rådmannen.


Formannskapet – tilråding til kommunestyret:

1) Husleige:
Leige for bustader aukar tilsvarande konsumprisindeksen siste år. Per 09.11.18 er KPI 3,1 %. Andre leiger endrast i tråd med gjeldande kontrakt.
2) SFO: Satsane vert auka med 2,8 %.
3) Barnehagesatsar: Følgjer statens makspris, som frå 01.01.2019 er sett til kr 2 990,- per månad for heiltidsplass, og frå 01.08.19 er sett til kr 3040,- for heiltidsplass. Pris for deltidsplassar vert auka med 2,8 %.
4) Heimetenester, tryggleiksalarmar o.a.: Sats på dagsenter, tryggleiksalarm og installasjon av tryggleiksalarm vert halden uendra. Gebyr for heimehjelp vil bli justert. Timeprisen på heimehjelp vert redusert, medan utgiftstaka for heimehjelp vert auka. Maksimal samla eigenandel per månad til heimehjelp ved inntekt under 2 G følgjer makspris vedteke av Stortinget.
5) Matombringing: Satsane på matombringing vert auka med 2,8 %
6) Opphald sjukeheim: Satsane for korttidsplass og dagplass blir vedtekne i samsvar med maksimalsatsar vedteke av Stortinget. Satsane for 2019 vert meldt til kommunane i midten av desember.
7) Planlegging, matrikkel, deling- og byggesakshandsaming: Satsane vert auka i hovudsak med 2,8 %. I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra for oppmåling auka med 25 %, og for byggesak redusert med 15 %.
8) Renovasjon: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra halde uendra.
9) Slamtøyming: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra halde uendra. 
10) Vatn: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra auka med 2 %. Gebyr for tilkopling vert halden uendra.
11) Avløp, reinsing: I forhold til forventa sjølvkost vert gebyra auka med 9 %. Gebyr for tilkopling vert halden uendra.
12) Feiing og tilsyn: I forhold til forventa sjølvkost vert årsgebyret auka med 5 %
13) Kulturskulen: Satsane vert halde uendra.
14) Borgarleg vigsel: Satsane vert auka med 2,8 %.

 

FOR-1208-18 Eigedomsskattevedtak 2019

Rådmannen sitt forslag til vedtak:

  1. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal følgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2018: § 3 a) Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen.
  2. Eigedomsskattesatsen er 2 promille.
  3. For bustaddelen av eigedomar (gjeld også fritidseigedomar) som ikkje nyttast til næringsverksemd blir det fastsett eit botnfrådrag på kr 700 000 av takstverdi.
  4. I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a blir det gitt fritak for eigedomar eigd av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Dette gjeld for eigedomar på vedlagte fritaksliste.
  5. I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav b blir det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi. Dette gjeld for eigedomane på vedlagte fritaksliste.
  6. Eigedomsskatten har to hovudterminar; 15.3. og 15.9. i skatteåret.
  7. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen gjeldande skattevedtekter.
  8. I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c blir det gitt fritak i 4 år for ny bustad med ferdigattest etter 01.01.2012. nytta til bustadføremål. Fritaket gjeld i 4 år etter at bustaden er ferdig.
    Framlegg frå FrP v/Rune Teikari:

    For å bidra til reduksjon i eigedomsskatten og styrkje den sosiale profilen i denne, vil Sveio FrP auke botnfrådraget frå kr. 700.000 til kr. 900.000 for 2019.

Sveio FrP har på bakgrunn av dette følgjande framlegg til nytt pkt 3:

For bustaddelen av eigedomar (gjeld også fritidseigedomar) som ikkje kan nyttast til næringsverksemd blir det fastsett eit botnfrådrag på kr. 900.000 av takstverdi.

Røysting:

Rådmannen sitt framlegg til pkt. 1,2,4,5,6,7 og 8 vart samrøystes vedtatt.

Framlegget frå Sveio FrP til nytt pkt. 3 vart vedtatt med 5 mot 2 røyster.
Mindretalet: Jarle Jacobsen og Beathe S. Haugland.


Formannskapet – tilråding til kommunestyret:

  1. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal følgjande tskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2018: § 3 a) Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen.
  2. Eigedomsskattesatsen er 2 promille.
     
  3. For bustaddelen av eigedomar (gjeld også fritidseigedomar) som ikkje kan nyttast til næringsverksemd blir det fastsett eit botnfrådrag på kr. 900.000 av takstverdi.
     
  4. I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a blir det gitt fritak for eigedomar eigd av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Dette gjeld for eigedomar på vedlagte fritaksliste.
     
  5. I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav b blir det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi. Dette gjeld for eigedomane på vedlagte fritaksliste.
     
  6. Eigedomsskatten har to hovudterminar; 15.3. og 15.9. i skatteåret.
     
  7. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen gjeldande skattevedtekter.
     
  8. I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c blir det gitt fritak i 4 år for ny bustad med ferdigattest etter 01.01.2012. nytta til bustadføremål. Fritaket gjeld i 4 år etter at bustaden er ferdig.
Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 04.12.2018