Blomar, planter og dvergmarinøkkel på Nesheim

Dvergmarinøkkel - Klikk for stort bileteDvergmarinøkkel

På Nesheim vest i Sveio ved Bømlafjorden er det rik plantevekst og fin botanikk. Her er eit 35 dekar dekar stort område kartlagt som naturtypen naturbeitemark.

Meir opplysningar om lokaliteten er å finna i Naturbase

På Nesheim vekst den sjeldne, truga og spanande planta dvergmarinøkkel. I 2008 hadde miljøvernminister Erik Solheim ein postkortaksjon for biologisk mangfald. Sveio kommune vart utfordra særskilt i å ta vare på dvergmarinøkkelen. Dette er fylgt opp med at området er opna opp for skog og at det er sett på meir beitande sau. Dvergmarinøkkelen er nemleg avhengig av ope areal og tilgang på lys.

I år som i fleire år har botanikar Bjørn Moe utført feltarbeid i samarbeid med sivilagronom Annlaug Fludal. Det vert arbeidd vidare for å finna ut kva som er beste drifta for å ta vare på dei botaniske verdiane. Rapport frå årets arbeid er publisert. Du finn den i høgre margen her.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.12.2017