Innspel prioritert handlingsprogam for idrett og friluftsliv 2019 og søknad om spelemidlar 2019

Kunstgrasbanen - Klikk for stort bileteKunstgrasbanen Ida Kristin Vollum

No er tida for å søkje om spelemidlar. Hugs tidsfristane! 

Innspel prioritert handlingsprogam for idrett og friluftsliv 2019

Prioritert handlingsprogram for idrett og friluftsliv 2019 skal rullerast. Handlingsprogrammet er Sveio kommune si prioriteringsliste for innsending av spelemiddelsøknadar i 2019.
Frist for å komme med innspel om anlegg det er planlagt å søkje om tilskott frå spelemidlane i 2019 er 18. oktober 2018. Innspel kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no

Søknad om spelemidlar 2019

Alle anlegg det skal søkjast spelemidlar til (nærmiljøanlegg, ordinære idrettsanlegg og rehabilitering), må vere ført opp i Prioritert handlingsprogram for 2019. (sjå over i annonsa) Kulturdepartementet har innført fagsystem for spelemiddelordninga, som inkluderer innsending av søknadar digitalt. Anlegget må vere registert av kommunen før arbeidet med søknad startar opp. Søkjarar må ha organisasjonsnummer for å få oppretta søknad  i fagsystemet. Søkjar er ansvarleg for utfylling av søknadsskjema og for å skaffe dokumentasjon på dei ulike postane i søknaden. Vilkår for tilskott og søknadsskjema: https://www.anleggsregisteret.no/

Frist for å sende inn søknadar er 1. november 2018.

Framlegg til handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet 2019 (PDF, 261 kB)

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 16.10.2018