Kystsogevekene i Sveio

Kystsogevekene  - Klikk for stort bilete

4. august – 16. september blir det stormønstring av kystkultur i 22 kommunar på Vestlandet. I Sveio blir det ei rekkje arrangement i denne perioden.

 

19. august arrangerer Kystlandskapsparken aktivitetsdag med tur til Krokane. Søndagen etter følgjer Sveio kystlag opp med Utvandringsdag på Kysttunet, medan Sveio gullforening har fokus på bedehuskulturen i Sunnhordland 2. september. Denne dagen er det òg utstillingsopning på Ryvarden. 3. september inviterer Senioruniversitetet til foredrag om naust på Sjøhuset i Buavåg.

Les heile programmet her: www.kystsogevekene.no

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 31.07.2018