Markering av verdensdagen for psykisk helse

Verdensdagen .jpg - Klikk for stort bilete I samband med verdensdagen for psykisk helse med tema Glede, vert det halde fleire arrangement i Sveio. Tema for verdensdagen er Glede.

Noko å gleda seg over

I samband med verdensdagen for psykisk helse med tema Glede, har me følgande  dagar som me innbyr alle som kan å få med seg:

Frå 3. – 20. oktober er det open utstilling av flotte teikningar og dikt laga av elevar i 3. og 6. klassane frå Sveio skulane og førskuleborn i barnehagane i Sveio – i lokalet vis-avis Sveio blomster i Kiwibygget (der det var klesbutikk)

10. oktober, på sjølve verdensdagen,  har Brukarrådet stand i Sveio senter, med utdeling av vafler og kaffi, samt diverse opplysningsmateriell som omhandlar å ivareta den psykiske helsa vår – og ikkje minst for å slå av ein god prat.

19. oktober kl 19,00 ønskjer me velkomne til ein temakveld på Soknehuset med foredrag v/Bjarte Stubhaug, og musikalske innslag ved Sveio songlag, cellist Roxann og koret Sveising.  Frivilligsentralen har kafe med sal av kaffi og bakst som del av arrangementet, ei økt som gir rom for drøs omkring tema å gleda seg. 

Håpar mange kan vera med og ta del i det me har å tilby – og at oktober månad kan ha litt ekstra fokus på kor viktig det er å ha noko å gleda seg til og over for alle.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 05.10.2017