Nynorskkurs for foreldre vårsemesteret 2018

Nynorskkurs i Sveio kommune - Klikk for stort bileteNynorskkurs i Sveio kommune Vestavind

Sveio kommune er ein av 27 kommunar som er med i første pulje av den store nasjonale kvalitetutviklingssatsinga «Språkkommunar».

Sveio kommune har dette hovudmålet med arbeidet sitt som språkkommune:

Barnehageborn og skuleelevar i Sveio har ein språkkompetanse og lese- og skrivedugleik som ligg minst på nivå med resten av landet. Alle tilsette i skule og barnehage skal difor få auka kompetanse og læreplanforståing/rammeplanforståing innanfor områda språk, lesing og skriving.

Den viktige rolla til foreldra.

Eit godt samarbeid mellom skulen og heimen er avgjerande viktig for læringsutbytet til elevane. Mellom anna er det godt dokumentert at det gjev svært god effekt om borna blir lesne for (og med!) gjennom barnehage- og barneskulealderen.

Nynorsk opplæringsmål.

Sveio kommune har nynorsk som offisiell målform og blei kåra til Årets Nynorskkommune i 2017. Nynorsk er opplæringsmålet i kommunen sine skular. Ein del foreldre med bokmålsbakgrunn har gjeve uttrykk for at dei føler seg usikre i høve til nynorsk. Det tek kommunen på alvor, og difor valde vi å prøva ut eit nynorskkurs for foreldre ved Vikse skule hausten 2017. Deltakarane var svært nøgde med opplegget. Difor vil vi no gje tilbod om kurs til alle foreldra i kommunen. Om vi har plass, vil og deltakarar som ikkje har born i skulen nett no, vera velkomne!

Kort om kurset

Kurset er gratis og strekkjer seg over to kurskveldar. Kursmateriell blir delt ut. Kurskveldar våren blir for skulane Auklandshamn, Førde og Valestrand:

  • Tysdag 16.januar klokka 17.00-19.00 på Førde skule
  • Tysdag 30. januar klokka 17.00-19.00 på Førde skule

For Sveio skule:

  • Tysdag 23. januar klokka 17.00-19.00 på Sveio skule
  • Tysdag 6. februar klokka 17.00-19.00 på Sveio skule

Kva inneheld kurset?

  • Kvifor kan vi skriva norsk på to måtar? Kort om dei historiske skilnadane mellom bokmål og nynorsk.
  • Nynorsk og bokmål i dag. Er eigentleg nynorsk så vanskeleg? Enkel gjennomgang av nokre typiske trekk ved moderne nynorsk skriftspråk.
  • Korleis kan eg best hjelpa barnet mitt med leksene?
  • Korleis finn eg fram til god litteratur på nynorsk?

Kurshaldar:Petter Steen jr., prosjektansvarleg for språkkommuneprosjektet i Sveio kommune.

Påmelding: Direkte til skulen eller e-post til petter.steen@sveio.kommune.no

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 09.01.2018