OPPHEVING AV TOTALFORBOD MOT BÅLBRENNING OG GRILLING

illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete

Som ein følgje av véromslaget siste dagane er totalforbodet mot bålbrenning og grilling i Sveio kommune oppheva.

Det blir likevel gjort merksam på at det generelle forbodet mot å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark framleis gjeld fram til 15. september. Einskildpersonar, lag eller foreiningar som ønskjer å brenna bål i denne perioden må ha løyve frå brannvesenet.

Førespurnad om bålbrenning i Sveio kommune skal rettast til vakthavande brannbefal i Sveio brann- og redningsvesen på mobiltelefonnr. 918 93 780 same dag som brenninga skal gjennomførast.

 

Brannsjefen i Sveio

Publisert av Viktoria Lien. Sist endra 15.06.2018