Rydd Sveio for plast!

Selsåsvika. Foto Ida Kristin Vollum.jpg - Klikk for stort bileteSelsåsvika. Foto Ida Kristin Vollum.jpg Ida Kristin Vollum

I samband med aksjonen «vik til vik» ønskjer Sveio kommune å setja fokus ryddige og reine strender.

I april blir det strandryddeaksjon i heile Sunnhordland. Vi prøver å koordinere ulike tiltak, så:

  • Veit du om eit område som er forsøpla?
  • Har du/familien/organisasjonen du er med i, planar om å rydde?

Registrer området på «Hold Norge Rent» https://holdnorgerent.no/ryddeportalen/

Du kan også melde frå til oss postmottak@sveio.kommune mrk. Strandryddeaksjon

Vi vil gjerne komme i kontakt med facebookgrupper som omhandlar strandrydding!

Helga 29.-30. april utfordrar me heile lokalbefolkninga til å vera med og rydda Sveio for plast (plast generelt og landbruksplast (siloballeplast). Trevirke som ligg i strender eller andre plasser det ikkje høyrer heime kan plasserast i skogen. Om ein ønskjer å brenna bål må ein ta kontakt med brannvesenet på førehand. 

Me lagar til konkurranse!

Dei som vil bli med i konkurransen, bruker skjema som ligg ved, med dokumentasjon på kvar det er plukka, kor mykje som er plukka, kor mange som var med og med bilete før og etter.  Dette må meldast inn til kommunen innan 5. mai kl. 12.00. Det vert premiering.  Skjema kan sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no  eller levera det inn på kommunehuset. Plastsekkar kan hentast på kommunehuset frå 27.04!

Me vil i den forbindelse få satt ut containerar nord og sør i kommunen. Valestrand idrettsplass og ved gamle Vandaskog skule. Det vil vera container for vanleg plast og ein eigen for landbruksplast.

Med helsing frå Sveio kommune ved
Jorunn Skåden, ordførar, og Åshild Irene Lie, rådgjevar landbruk/miljø

Skjema: Rydd Sveio for plast! (PDF, 59 kB)

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 29.03.2017