Søknad om redusert betaling i barnehage og gratis kjernetid 2018/2019

Ill.bilde barnehage - Klikk for stort bilete Frist for å søka om redusert betaling i barnehage og gratis kjernetid for barnehageåret 2018/2019 er 15.juni 2018

Om nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt. Ordningane er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.

  1. Ingen hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. I 2018 gjeld det for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn kr. 533 500 per år. Dette gjeld både for kommunale og private barnehagar.  
  2. I tillegg har alle 3-, 4- og 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt, rett på 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per veke. I frå 1.august 2018 gjeld gratis kjernetid for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 533 500 per år.

Søknasskjema finn du her. (PDF, 499 kB)

 

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 15.05.2018