Sunnhordlandstreffet 11. april

Sunnhordlandstreff 11 april - Klikk for stort bilete

Knyt kontaktar med moglege framtidige arbeidsgjevarar og oppdater deg på kva som skjer i Sunnhordland!
 

Hyggjelege folk frå bedrifter og kommunar i Sunnhordland er den 11.april klare til å slå av ein hyggjeleg prat på Media City Bergen!
Her kan du knyte kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar.
NHO seier at 6 av 10 stillingar aldri blir utlyste, men at ein tilset på grunnlag av nettverk og kontaktar.
På Sunnhordlandstreffet kan du m.a. byggje nettverk.

I tillegg kjem Signe Schineller - for mange kjent frå ulike TV-program, interiør og redesign!
Ho flytta frå storbyen til Sunnhordland. Høyr korleis ho opplevde dette.
Det blir servert god mat og drikke, og det blir god stemning og ikkje minst god tid til mingling der ein kan møte  folk frå både kommunar og bedrifter i Sunnhordland.
 
Du kan finne meir informasjon om kva bedrifter som skal vere med, ved å gå inn på facebook sida til arrangementet.
 

Du kan melde deg på ved å gå på nettstaden: https://www.buisunnhordland.no/sunnhordlandstreff-paa-media-city-bergen-11-april/

 

 

 

Vel møtt!

Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Ill.bilete samarbeidsrådet - Klikk for stort bilete

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 04.04.2018