Sunnhordlandstreffet - Knyt kontakt med bedrifter og kommunar og oppdater deg på kva som skjer i Sunnhordland!

Sunnhordlandstreff - Klikk for stort bilete

Knyt kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar og oppdater deg på kva som skjer i Sunnhordland. 18. desember står hyggjelege folk frå bedrifter og kommunar i Sunnhordland klare til å ta imot deg! 

Tirsdag 18. desember kl 17:00 står hyggjelege folk frå bedrifter og kommunar i Sunnhordland klare til å ta imot deg!

 

Du er invitert til ein triveleg førjulskveld på Arena - i Leirvik sentrum!

 

På Sunnhordlandstreffet kan du knyte kontaktar med hyggjelege folk frå både bedrifter, kommunar og festivalar.
NHO seier at 6 av 10 stillingar aldri blir utlyste, men at ein tilset på grunnlag av nettverk og kontaktar.

Kanskje møter du din framtidige arbeidsgjevar denne kvelden?

På programmet står blant anna

  • spennande innlegg frå bedrifter
  • god tid til mingling der du kan prate med folk frå både kommunar og bedrifter i Sunnhordland
  • god mat og drikke
  • trekking av flotte premiar  

 Arrangementet er GRATIS! 

Ver rask! Talet på deltakarar er avgrensa. Aldersgrense 18 år.

Knyt viktige kontaktar for framtida med:

 

Advantec

Andersland Bygg

Bremnes Seashore

Bømlo kommune

Festidalen

Fitjar kommune

Helse Fonna

Høgskulen på Vestlandet

iDrift Serit

Kvinnherad kommune

Kværner

Leirvik AS

Matre Maskin

Norwegian Marine & Energy Complec - NMEC

Palfinger Marine

SKL

Stord kommune

Tysnes kommune

Tysnesfest

Sveio kommune

Wärtsilä

Samarbeidsrådet for Sunnhordland


(lista over deltakande bedrifter blir fortløpande oppdatert!)

Arrangør er Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med partnarbedrifter i omdømmeprosjektet.

 

Meir info og påmeldingsskjema her

 

 

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 30.11.2018