Sunnhordlandstreffet

Sunnhordlandstreff - Klikk for stort bilete

Knyt kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar og oppdater deg på kva som skjer i Sunnhordland. 18. desember står hyggjelege folk frå bedrifter og kommunar i Sunnhordland klare til å ta imot deg! 

Då er du invitert til ein triveleg førjulskveld på Sjøhuset i Leirvik sentrum på Stord.

Der blir det underhaldning, god mat og drikke, topp stemning og ikkje minst god anledning til å knyte kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar. Frida Nygård er tilstade med flott musikk. Du kan vinne iPad og festivalpass til Tysnesfest 2018 og Festidalen 2018.

Aldersgrense er 18 år.

Arrangementet er for deg som ynskjer å bli betre kjend med moglegheitene i Sunnhordland.
Kanskje du er STUDENT, eller har jobba nokre år?
Sunnhordlandstreffet startar kl 17:30 og er gratis!

Send e-post med namn til asl@samarbeidsraadet-sunnhordland.no
eller fyll ut skjemaet på nettsida:
https://www.buisunnhordland.no/sunnhordlandstreff-18-desember/
Her finn du også nyttig info om korleis du kjem deg til Sunnhordlandstreffet.

Knyt viktige kontaktar for framtida med:

ABB
Advantec
Apply Leirvik
Bremnes Seashore
Bømlo kommune
Fitjar kommune
Helse Fonna
HVL - Høgskulen på Vestlandet
iDrift
Karrieresenteret i Sunnhordland
Kvinnherad kommune
Kvinnherad Næringsservice
Kværner
Multiconsult
Tysnes kommune
Palfinger Marine
Stord kommune
Sveio kommune
100 dagar
Tysnesfest
Wärtsilä
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
(lista over deltakande bedrifter blir fortløpande oppdatert!)

Arrangør er Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med partnarbedrifter i omdømmeprosjektet.

 

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 06.12.2017