TellTur-start 2018

Landsåt - Klikk for stort bilete

Søndag 25. mars (Palmesøndag) blir det oppstart av turregistreringssystemet TellTur i vår region. Det er Friluftsrådet Vest som administrerer dette populære turprosjektet, saman med medlemskommunane og nokre av turlaga i distriktet. I Sveio er 10 turar med i år, tre av dei nye. 

Oppstart av TellTur-sesongen 2018 blir markert med kick-off i Sveio kommune. Da arrangerer nokre av TellTur-entusiastane fellestur til Emberlandsnipen, med start fra skulen i Auklandshamn kl. 12. Her er det bare å møte opp og bli tatt med på tur av erfarne turgåarar og få ein innføring i TellTur.

TellTur starta i 2014 og har hatt ein fantastisk vekst siden oppstarten. I fjor var det heile 3100 personar som brukte systemet og registrerte turane sine i vår region. Dei hadde 138 forskjellige turmål i 12 kommuner å boltre seg på. Så mange som 20 personer klarte å gjennomføre tur til alle måla. I snitt besøkte ein typisk TellTur-brukar 15 forskjellige turmål i løpet av sesongen. Det mest gledelege i sesongen 2017 var likevel at fleire og fleire barnefamiliar brukte TellTur til å komme seg ut på tur litt oftare enn før.

I sesongen 2018 får de ivrige turgåarane 127 turmål å velge blant. Mange av turmåla er nye av året og har ikkje blitt presentert i TellTur før. Her er nokre av de nye turmåla: Skrubburdnuten (Tysvær), Skomakarnibba (Vindafjord), Kjerringtuva (Karmøy) og Landsåt (Sveio). Kodane til turmåla blir utplassert denne uka av mange frivillige støttespelarar.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 30.04.2018