Tilskot til verna kulturminne

Bruvikjo - Klikk for stort bileteBruvikjo

Hordaland fylkeskommune gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar. Søknadane skal gå gjennom kommunen. 

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Det kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan, som kurs og formidling.

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 1. november. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer. 

Søknadsskjema og meir informasjon om ordninga finn du her: https://www.hordaland.no/nn-NO/kultur/kulturminnevern-og-museum/tilskot-til-freda-kulturminne-i-privat-eige-kulturmiljo-og-kulturlandskap/

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 23.10.2017