Tilskot til verna kulturminne

Kulturminne.jpg - Klikk for stort bilete

Hordaland fylkeskommune gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar 

Søknadane skal gå gjennom kommunen. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg.

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 1. november. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.

Gå til søknadsskjema og informasjon.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 13.09.2018