Vil du påvirka frivilligpolitikken i Sveio?

Vigdartun.JPG - Klikk for stort bileteVigdartun.JPG

Dialogmøte om frivilligpolitikk 15. november kl 19.00 – 21.00 i auditoriet på Vigdartun

På møtet vil me gå gjennom funna i kartlegginga av frivillig sektor, som Sveio kommune og Sveio frivilligsentral har gjennomført i haust. Med utgangspunkt i dette ønskjer me gode innspel til korleis frivilligpolitikken i Sveio kan utformast.

Ordførar Jorunn Skåden ønskjer velkommen.

Møteleiar: Petter Steen

Kafédialog: Kva tiltak kan bidra til å leggja forholda betre til rette for frivillig arbeid i kommunen?

Det blir servert enkel tapas og kaffi.

Innspela frå kartlegginga og møtet vil vera utgangspunkt for det vidare arbeidet med frivilligplanen for Sveio kommune.

Alle som er opptatt av frivillig arbeid i Sveio kommune er velkomne!

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 13.11.2018