Sveio - midt i leio

Sveio kommune ligg i Sunnhordland i Vestland fylke. Kommunen er den sørligaste kommunen i fylket, og har fastlandsgrense til Rogaland. Sveio kommune grenser i sør til Haugesund og Tysvær, over fjorden i vest til Bømlo, over fjorden i nord til Stord og over Ålfjorden i øst til Vindafjord.

Sveio – midt i leio

Sveio ligg strategisk «midt i leio», både når ein reiser til lands og til sjøs. Kyststamvegen E39 går gjennom heile kommunen, medan skipsleia går over Sletta nord for Haugesund, og gjennom Bømlafjorden.

Landskapet i Sveio varierer frå ope hav og nakne svaberg, via lyngheier og små fjell, til produktivt jord- og skogbruksland. 

Høgaste fjellet i Sveio er Trollavassnipen, som strekker seg 432 meter over havet.

Over heile kommunen finst det mange ferskvant og myrområde. Hele 22 kvadratkilometer av kommunen er dekka av ferskvann. Det er totalt 282 små og mellomstore vatn i Sveio, med Vigdarvatnet sentralt i kommunen som det største.

Fakta:

Fylke. Vestland
Flatemål: 246 km2
Kystlinje: ca.100 km.
Befolkning: Sveio kommune har 5753 innbyggjarar (3.kvartal 2021, kilde SSB)
Antal husholdningar: 2266
Avstand til Haugesund sentrum frå Sveio sentrum 18 km / 20 min
Avstand til Stord frå Sveio sentrum 32 km / 30 minuttar