På tur i Sveio

Utsikt frå Landsåt i Sveio kommune - Klikk for stort bileteLandsåt Ida Kristin Vollum

   

 

I Sveio finn du ei rekkje tilgjengelege turløyper. Langs kysten er landskapet låg og ope, og frå fjelltoppande er det vidt utsyn i alle retningar.

Forslag til turar

Turkart 

Målestokk 1:50 000

  • Turløyper
  • Friluftsliv
  • Verdt å sjå

I kartet finn du informasjon om 45 merka og umerka turstiar i Sveio kommune. I tillegg er dei viktigaste turstiane i nabokommunane med. Her finn du turforslag anten du vil gå ein rusletur i nærmiljøet, ein meir krevjande topptur, eller noko midt i mellom. GOD TUR!

Veil. utsalspris kr. 199,-

TELLTUR

TellTur er friluftsråda sitt system for elektronisk turregistrering. Over 100 turmål i heile distriktet har oppslag med kodar, og sesongen startar palmesøndag.  I Sveio er 10 turmål med. Alle som registrerer turar på Haugalandet i løpet av året, er med i trekninga til Friluftsrådet Vest av fine premiar. Det er òg lokale premiar for kvar kommune. Meir informasjon og registrering i systemet på www.telltur.no