Kommunedelplan for Sveio sentrum

Kommunedelplan for Sveio sentrum

 

Utgangspunktet for arbeidet med kommunedelplan for Sveio sentrum er å avklare framtidige arealføremål for kommunesenteret og området rundt.

Gjeldande kommunedelplan for Sveio sentrum:

Reguleringsføresegner (PDF, 756 kB)

Reguleringskart (PDF, 3 MB)

Framtidig kommunedelplan for Sveio sentrum:

Kommunen starta opp arbeid med ny kommunedelplan for Sveio sentrum for perioden 2018-2030, kalla Sentrumsplanen. Planarbeidet skal sikra heilskapleg og god utvikling av kommunesenteret, der ein har teke omsyn til å inkludera eit større omland rundt sjølve sentrumsområdet. Planen skal vera tilstrekkeleg overordna for å sikra samanheng mellom viktige funksjonar i sentrum, men samtidig vera så detaljert at den kan fungera som eit styringsverktøy for detaljplanlegging og handsaming av enkeltvedtak. I tillegg må ein sikra at planen tek føre seg dei regionale føringane for sentrumsutvikling og senterstruktur. Målsettinga er å skapa eit klart definert, levande og attraktiv sentrum med god bustadstruktur, der det vert lagt til rette for fleire arbeidsplassar og styrka handels- og servicefunksjonar. Sveio sentrum skal vera eit knutepunkt for innbyggjarane i kommunen og gjennom målretta planlegging kan ein leggja til rette for god arealutnytting og eit meir kompakt sentrum der det vert sikra liv og aktivitet med gode utemiljø og trygg trafikkavvikling.

Saksframlegg 06.03.2017 - Endeleg godkjenning av planprogram for sentrumsplanen (PDF, 400 kB)

Saksframlegg 12.10.2015 - Planprogam for Sveio sentrum (PDF, 449 kB)

Planprogram for kommunedelplan Sveio sentrum (PDF, 2 MB)

Rapport frå arbeidsmøte - sentrumsplanen 25.02.2016 (PDF, 5 MB)

Referat frå folkemøte 28.06.2015 - sentrumsplanen for Sveio (PDF, 163 kB)