Vatn og avløp

Betalingssatsar for kommunale gebyr 2022 (PDF, 404 kB).

Informasjon til røyrleggjar entreprenør (PDF, 676 kB)

Tilknyting til offentleg vass- og avløpsnett

Du må søkje kommunen om løyve når du skal koble private vass- og avløpsledningar til kommunalt eller anna offentleg VA-nett.

Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling.

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knytar eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 

Slik søker du

For å kunne knytte deg til det offentlege vass- og avløpsnettet må du søkje kommunen om tilknyting. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du får pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. 

Skjema:

Søknad om tilkopling til offentleg vatn og avløp 

Melding om røyrleggjararbeid 

Ferdigmelding røyrleggjararbeid 

Vassmålaropplysningar

VA norm

VA norm Hardanger og Sunnhordland (PDF, 4 MB)

Digitalt leidningskart

Ein kan ta kontakt med Fagleiar VA Tore Johann Enerstvedt  på tlf. 53 74 80 62 eller e-post: tore@sveio.kommune.no for å få ledningskart i pdf-format. Oppgi gards- og bruksnummer, målestokk, arkformat og e-postadresse, så blir kartet sendt elektronisk.

Private avløpsanlegg

Alle bygningar med innlagt vatn, som ikkje er tilkopla kommunale avløpsanlegg, skal ha utsleppløyve, jf. forskrift om avgrensing av forureining § 12-3.

Søknad om utslepp frå mindre avløpsanlegg

Alle bygningar med innlagt vatn, som ikkje er tilkopla kommunale avløpsanlegg, skal ha utsleppløyve, jf. forskrift om avgrensing av forureining § 12-3.

Kva tid må det søkjast om utsleppsløyve?

Før etablering av nytt utslepp av avløpsvatn, til dømes når det skal byggjast nytt bustadhus eller fritidsbustad, eller ved innlegging av vatn i eldre fritidsbustad. Dersom det er mogeleg med tilkopling til kommunale leidningar skal det søkjast om tilkopling til kommunalt vatn og avløp.

Før vesentleg auke av utslepp, t.d. ved innreiing av leilegheit i kjellar med eige bad/toalett.

Før det blir gjort endringar med det utvendige avløpsanlegget. Døme på dette kan vera gammal septiktank som skal erstattast med eit moderne anlegg, eller at utsleppspunktet skal flyttast.  

Korleis søkjer ein om utsleppsløyve?

Privatperson kan ikkje søkja om utsleppsløyve sjølv, til dette skal det brukast fagfolk eller firma med rett kompetanse.

  • Eigar og brukar av anlegget vil i søknaden ha funksjon som tiltakshavar.
  • Berre fagpersonar kan søkja om utsleppsløyve og skal vera bindeledd mellom tiltakshavar og kommunen.
  • Ansvarleg søkjar skal ha anten lokal eller sentral godkjenning.
  • Er det fleire einingar som skal kople seg på same anlegget skal dette komme tydleg fram i søknaden.

Søknaden skal innehalda:

  • Sveio kommune sitt søknadsskjema skal brukast
  • Dokumentasjon av anlegget
  • Kart med skisse som syner plassering av anlegget og kvar grøfter/leidningar skal gå
  • Nabovarsel
  • Fullstendig utfylt søknad med underskrifter

Etablering av avløpsanlegg er søknadspliktig og desse 3 skjema skal vera fylt ut og sendt inn med søknaden:

Anlegget skal ha utsleppsleidning til sjø, og det må søkjast om løyve til denne frå Karmsund Havnevesen med kopi til Sveio kommune.

Etablering av avløpsanlegg er søknadspliktig etter plan- og byningslova (pbl) § 20-3 jf. § 20-1 bokstav a, med krav om at det blir nytta ansvarlege føretak. Arbeidet kan ikkje startast opp før det føreligg igangsettingsløyve etter pbl. 

Dersom søknaden ikkje er rett utfylt eller manglar dokumentasjon, blir ikkje søknaden handsama før all dokumentasjon føreligg.

Kva reinseløysing skal ein velja?

Det er prosjekterande som etter nødvendig forundersøking på staden som skal ta stilling kva som vil vera beste løysinga. I nokre område er det fastsett kva type anlegg som kan godkjennast sjå sonekart for detaljerte opplysningar. Spørsmål om sonekartet kan rettast til kommunen.

Kva kan godkjennast for dei ulike bygningstypane?

Bustadhus: Avhengig av kva område tiltaket ligg i vil det vera mogeleg å få godkjent slamavskiljar og minireinseanlegg. I område der det er lagt til rette med kommunal avløpsleidning vil det vera krav om tilkopling til denne.

Fritidsbustad: Avhengig av kva område fritidsbustaden ligg i vil det vera mogeleg å få godkjent slamavskiljar og minireinseanlegg.

Naust: Toalett og handvask kan godkjennast.

Anneks: Det blir ikkje gjeve løyve til innlagt vatn eller avløp i anneks.

Anneks blir i bygningsteknisk litteratur definert som ein eigen bygning med ekstra soverom til hovudeininga. Storleiken på anneks kan vera opp til 30 m2 dersom det ikkje fører til at samla utbygd areal for eigedommen overstig tillaten utnyttingsgrad i følgje føresegnene i arealdelen til kommuneplanen eller i reguleringsføresegnene for den aktuelle eigedommen.

Eit anneks er ikkje ei eiga brukseining. Dette betyr at eit anneks ikkje skal innehalda rom som gjer at bygningen kan definerast som ei eiga bueining. Ein bygning som har soverom, bad og kjøkken blir definert som ei eiga bueining og kan difor ikkje sjåast på som eit anneks. Det skal ikkje vera innlagt vatn og/eller avløp i anneks.

Driftsbygningar i landbruket: Toalettavløp skal ikkje i skuten, ein må søkja om løyve til utslepp  med eigen tank knytta til driftsbygningen

Ferdigstilling av anlegget:

Etter at arbeidet med anlegget er ferdigstilt skal utførande røyrleggjar senda inn ferdigmelding med nøyaktig plassering av anlegget. Skjema for ferdigmelding finn ein lengre ned på sida under skjema.

Om det blir søkt om eit privat fellesanlegg, skal det sendast ferdigmelding for anlegget når dette er klart til å takast i brukt i tillegg til at det skal sendast ferdigmelding forkvart gnr./bnr. som blir tilkopla det aktuelle anlegget.

Skjema:

Søknad om løyve til tiltak (PDF, 130 kB)

Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn (digitalt skjema)

Melding om røyrleggjararbeid (digitalt skjema)

Ferdigmelding røyrleggjararbeid (digitalt skjema)

 

Sakshandsamingsgebyr etter gjeldande betalingssatsar (PDF, 414 kB) (sjå s. 3) for Sveio kommune fastsett med heimel i forureiningslova.

Kontaktperson

Rådgjevar landbruk: Åshild Irene Lie, tlf. 53 74 80 55, e-post: ashild.irene.lie@sveio.kommune.no

Sonekart

 

 Sonekart  
Sveio kommune er delt inn i følgjande avløpsområde:
A = Viksefjorden
B = Vigdarvatnet
C = Rødspollen
D = Mølstrevåg
E = Sveio sentrum
F = Bømlafjorden
G = Førdespollen
H = Valestrand/Tittelsnes
I = Ålfjorden
J = Våga/Fjon

 

Rettleiing til Sonekart  (PDF, 727 kB)


Søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn

Skjema:

Søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn (PDF, 209 kB)

Slamtømming

Les meir om slamtømming på SIM sine nettsider: http://sim.as/ditt-avfall/slam/

Informasjon om slamtømming 2019 (PDF, 154 kB)

Sjå òg forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tømming av slamavskiljarar og tette tankar for Sveio kommune.

Produksjon og leveranse av reint vatn i Sveio kommune

Produksjon og leveranse av reint vann er ei særs viktig teneste for kommunen. Totalt på eit år nyttast det ca 930.000m3 reint vatn i Sveio kommune. Me reknar at ein husholdning med 4-5 personar nyttar ca 1 m3 reint vatn dagleg.  

Kontaktinfo

Leiar drift og anlegg
Frederik Aalo Flood
Telefon: 53 74 80 63
E-post: frederik.aalo.flood@sveio.kommune.no

 

Fagleiar VA

Tore Johann Enerstvedt

Telefon 53 74 80 62

tore@sveio.kommune.no

 

Vakttelefon Vatn og avløp:
915 38 730

 

Private utslepp og private anlegg

Åshild Irene Lie

53748055

Ashild.Irene.Lie@sveio.kommune.no