Vedlikehald av kommunale vegar

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken.

Servicetorget på telefon 53 74 80 00 i opningstida 08:00–13:00. E-post: postmottak@sveio.kommune.no

Oppsynsmann veg: tlf. 95 87 01 12

Kva er kommunen sitt ansvar?

Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Statens vegvesen har ansvaret for riks- og fylkesvegar. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem. 

Oppgåvene kan vere:

  • brøyting og strøing
  • feiing og reinhald
  • klipping av vegetasjon
  • vegoppmerking og skilting
  • fjerning av søppel

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skader eller ulukker, gjeld dei allminnelege erstatningsreglane.

Alle offentlige vegar har bestemmelsar for tyngde og lengde på køyretøy som skal nytte vegen. Oversikt over dei kommunale vegane og kva for restriksjonar dei har framgår av veglista.  Lista vert oppdatert kontinuerlig, og det er føraren av køyretøyet som er ansvarlig for å setja seg inn i lista og overholde dei bestemmelsene som framgår her.  Lista kan sjåast her: Veglister for fylkes- og kommunale veier | Statens vegvesen