Folkerøysting 2022 – Fylkestilhøyrsle

Måndag 10. januar 2022 blir det halde rådgivande folkerøysting i spørsmålet om fylkestilhøyrsle.  

Innleiande informasjon

Sveio kommunestyre vedtok i sitt møte den 20. september at det skal gjennomførast rådgivande folkerøysting i spørsmålet om Sveio kommune skal tilhøyra Vestland fylke eller Rogaland fylke. Datoen for folkerøystinga er sett til 10. januar 2022, men du kan førehandsrøysta frå og med 1. desember 2021.

Førehandsrøysting skjer på Servicekontoret ved kommunehuset. Røystelokale på sjølve folkerøystedagen kjem det informasjon om. For informasjon om opningstider, sjå lenger nede i denne artikkelen.

Står du i manntalet? 

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røysta ved folkerøystinga 2022. I løpet av november kan du undersøka om du står i manntalet i Sveio kommune. Informasjon om når manntalet er tilgjengeleg kjem. 

Manntalslista blir utlagde i Servicekontoret på kommunehuset i Sveio. Listene blir liggande ute til og med folkerøystedagen måndag 10. januar 2022.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er mottatt i Folkeregisteret innan skjæringsdatoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Informasjon kva dato som blir sett som skjæringsdato kjem. 

Klage til valstyret

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er utlagde, og du meiner dette er feil, eller om det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret og be om at dette blir retta.

Du må i så fall klaga så raskt som råd etter at manntalet har blitt tilgjengeleg. Klagen skal vera skriftleg og grunngitt.

Ein eventuell klage skal sendast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no (skriv «Klage til valstyret») i emnefeltet, ev. pr. post til Sveio valstyre, C/O Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Førehandsrøysting

Ønsker du å røysta på førehand, kan du gjere dette på Servicekontoret ved kommunehuset i Sveio sentrum. I motsetnad til ved kommunestyre- eller stortingsval er det ikkje mogleg å førehandsrøysta frå andre kommunar. 

Førehandsrøystinga startar 10. desember 2021, og fristen for å røysta på førehand er seinast 7. januar 2022

Opningstider for førehandsrøysting

Informasjon kjem. 

  • Adressa til kommunehuset er Sveiogata 70.

Hugs å ta med legitimasjon (f.eks. bankkort, førarkort, digitalt førarkort, pass). Ved folkerøystingar bruker ein ikkje valkort.

Fleire opplysningar om førehandsrøysting og folkerøystinga generelt kan ein få frå Servicekontoret, på tlf. 53 74 80 00 eller e-post postmottak@sveio.kommune.no.

Opningstider på folkerøystedagen 10. januar

Informasjon kjem. 

Røysta heime (ambulerande røysting)

Sjuke og uføre som ikkje kan ta seg fram til vallokale måndag 10. januar har høve til å røysta heime. Ring Servicekontoret på tlf. 53 74 80 00 eller send ein e-post til postmottak@sveio.kommune.no og be om ein avtale med røystemottakarar.

Du treng ikkje grunngi kvifor du ønsker å røysta heime. Sveio kommune ønsker at så mange som mogleg skal få høve til å bruka røysteretten sin.

Ambulerande røysting blir tilgjengeleg f.o.m. 1. desember

Førehandsrøysting på institusjon

Informasjon kjem. 

Smittevern

Dersom du har symptom på koronasmitte eller er i karantene, og ønsker å førehandsrøysta, skal du ikkje møta opp på kommunehuset. Me ber deg då venta med å førehandsrøysta til symptoma/karantenen er over. 

I veke 1 (3.–7. januar) er det høve til å røysta heimanfrå (ambulerande) for personar med symptom eller som er i karantene eller isolasjon. Send e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller ring 53 74 80 00 for å avtala tid. På folkerøystedagen (10. januar) er det høve å røysta heimanfrå dersom ein sit i isolasjon. Fristen for å søka om dette er kl. 10.00 på folkerøystedagen. Send e-post eller ring (ved søknad på sjølve folkerøystedagen må ein ringa for å sikra seg at ein kjem i kontakt med valansvarleg tidleg nok).

Personar som førehandsrøyster på kommunehuset skal ikkje skriva seg inn i besøksoversikta. Dette av omsyn til prinsippet om hemmeleg avrøysting.