Eigedomsskatt

Sveio kommunestyre vedtok i møte 13.12.2010 å innføra eigedomsskatt i heile kommunen. Eigedomsskatten vart innført med verknad frå 2011. I samband med dette vart det gjennomført taksering av alle eigedommar i Sveio.

I løpet av våren 2011 vart det gjennomført synfaring av alle eigedommar som skal ha utskriven eigedomsskatt til kommunen. Eigedommar som blir drivne som jord- og skogbrukseigedommar, har obligatorisk fritak  for eigedomsskatt, med unntak av våningshus med tilhøyrande tomt, og andre bygg på eigedomen for anna bruk enn jordbruk/skogbruk.

Kommunestyret har valt ei sakkunnig nemnd som er ansvarleg for takseringa. Det er den sakkunnige nemnda som gir informasjon om eigedomsskatt og skatteutrekning, taksering, synfaring og korleis du kan kontakta kommunen om eigedomsskattespørsmål.

Gjeldande satsar for 2020

Det er innført obligatorisk reduksjonsfaktor på 30% for bustad og fritid frå 01.01.2020.
Kombinasjonsbygg (bolig/næring) vil får ein forholdsmessig reduksjonsfaktor etter areal.

Eigedomsskattesatsen i Sveio Kommune er 2 promille med eit botnfrådrag på kr 900 000,- gjeldande frå 01.01.2020. Nye bustadhus har fritak frå eigedomsskatt i 4 år rekna frå ferdigattestdato.
Ved tilbygg/påbygg/renovering som inneber ein verdiauke, vil det bli halde ny takst for eigedomen.

Eigedomsskattelista vert lagt ut til offentlig ettersyn innan 01.03.2020. Eventuell klage på eigedomsskatten må føreligge innan 6 veker frå denne dato.

Ved tilbygg/påbygg/renovering som inneber ein verdiauke, vil det bli halde ny takst for eigedomen.

 

Eigedomsskatt og skatteutrekning

I Noreg har det blitt skrive ut eigedomsskatt i over hundre år.
Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølv har styring med, og kor skatteinntektene i sin heilskap tilfell kommunen. Eigedomsskatten blir brukt til å finansiera dei kommunale tenestene. Den blir kravd inn saman med dei kommunale avgiftene.

Eigedomen sin verdi dannar grunnlaget for skatteutrekninga.

Taksten som blir sett skal gjenspegla ein antatt marknadsverdi slik det står i Byskattlova sin §5:
"Ved takseringa ansættes eiendommens takstverdi til det beløp, som eiendommen efter sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet antages at kunde avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved frit salg"

Det er kommunestyret som fastset storleiken på skattegrunnlag og skattesats.
I tillegg kan kommunen frita spesielle eigedommar for eigedomsskatt. Dette vil kommunestyre behandla i samband med dei årlege budsjettprosessane.

Eigedomsskattetaksten har ingenting med likningstaksten å gjera.

Taksten kan utelukkande nyttast til utrekning av eigedomsskatt. Skatteetaten har ikkje heimel til å bruka denne taksten ved fastsetjing av inntekts- og formueskatt til stat eller kommune.

Taksering

Eigedomsskattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.

Faktaopplysningar om eigedommar/tomter, adresser og bygningar (m.a. areal og byggjeår/renoveringsår) blir henta frå offentlege dataregister. Gjennom desse registra har kommunen også oversyn over prisar på omsette eigedommar (hovudkjelde: Matrikkelen). I dei tilfella der kommunen manglar areal på bygningar, blir dette henta gjennom innmåling. Anlegg og bygningar som er knytt til produksjon av varer, blir behandla spesielt (såkalla verk og bruk). Eigarar av slike anlegg og bygningar vil bli kontakta om dette.

Skjønnsmessige vurderingar tek opp både generelle forhold om eigedomsverdiar, og spesielle forhold som påverkar verdien på den einskilde eigedommen. Dei spesielle forholda fangar kommunen opp gjennom synfaring av kvar einskild eigedom.

Kontaktinformasjon:

Tlf. 53 74 80 00 (servicekontoret i kommunen)
Telefonen er open måndag - fredag kl.08.00-15.30

Publikumsmottak:

Servicekontoret i kommunehuset

Adresse:

Sveio kommune
Eigedomsskatt
Postboks 40
5559 Sveio

E-post:
eskatt@sveio.kommune.no

Hugs å skriva:

  • Namn på eigedom (gnr./bnr.).
  • Namn på eigar/eigarrepresentant.
  • Telefonnummer eller e-post kor du er å treffa på dagtid.

Kontaktinfo

Skatteoppkrevjar:
Silvia Økland
Telefon: 53 74 80 34
E-post: silvia.okland@sveio.kommune.no
 

Kart