Kommunale eigedomsgebyr

Eigedomsskatt og alle kommunale eigedomsgebyr vert fordelt på to terminar. Om ein heller ønskjer å få tilsendt månadleg faktura på dette, så er det mogleg.  

Vilkåra for å få månadlege fakturaer er:

  • Du skriver under og returnerer denne avtalen til Sveio kommune.
  • Sum eigedomsskatt og kommunale gebyr per år må overstige kr 1200,-.
  • Du må inngå avtale med banken om å betale fakturaene med AvtaleGiro med eFaktura.

 

Ved å betale med AvtaleGiro med eFaktura vil banken sørge for at fakturaen blir betalt på forfall, og du vil få tilsendt varsel med fakturadetaljer i nettbanken. Dette gjør det enkelt å følgje med på kva du skal betale, og når det vil bli belasta din konto. Ved manglande betaling vil ein ikkje lenger få 12 betalingsterminar per år, men gå tilbake til to terminar.

Alle som ønskjer 12 betalingsterminar må opprette ein ny AvtaleGiro avtale med banken sin. Det gjeld og dei som har hatt AvtaleGiro på tidligare betalingar til Sveio kommune. Om du allereie har eFaktura på dine betalingar til Sveio kommune treng du ikkje å endre den avtalen, men du må opprette AvtaleGiro i tillegg.

Vel du å opprette AvtaleGiro med eFaktura på dei kommunale avgiftene, vil alle fakturaer frå Sveio kommune bli send til deg som eFaktura.

Slik opprettar du AvtaleGiro med eFaktura:

  • AvtaleGiro kan du sjølv opprette i nettbanken, eller du kan ta med KID nummer til banken din, så hjelper dei deg.
  • eFaktura må du opprette sjølv i nettbanken din.

Kontakt Sveio kommune på mail: postmottak@sveio.kommune.no eller på telefon: 53748000 for å få det du treng for å opprette AvtaleGiro/eFaktura. (NB! Du kan ikkje bruke KID nummer frå ein tidlegare faktura på kommunale gebyr, men må få eit nytt KID nummer frå oss.)

Når du har fylt ut dette skrivet og returnert det til oss, og Sveio kommune har fått melding frå banken om at AvtaleGiro med eFaktura er oppretta, vil avtalen vere gyldig. Du vil då få månadlege fakturaer frå neste halvårstermin. (Anten frå 01.01 eller frå 01.07.)

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 28.03.2019

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530
 

Kart