Skatt og avgifter

Økonomiavdelinga i Sveio kommune krev inn skattar og avgifter for staten, fylket og kommunen. Det er ulike lover, forskrifter og vedtekter som regulerer dei ulike innkrevjingsrutinane. Dersom du har spørsmål eller det gjeld innbetaling, må du alltid oppgi skatte- eller avgiftstype.

Sentrale arbeidsoppgaver:

  • Innfordring av skatterestanser og arbeidsgiveravgift.
  • Daglig drift, faglig utvikling, planlegging og rapportering av skatte- og innfordringsarbeidet i seksjon skatt.
  • Saksbehandling i innfordringsoppgaver.
  • Saksbehandling rundt konkurssaker.
  • Behandling av søknader om ettergivelse/lemping.
  • Anmeldelser.
  • Særnamsmann etter skattebetalingsloven.
  • Rådgivning.
  • Utstrakt kontakt med publikum.

Lag KID-nr. for innbetaling av skatt: Gå til www.skatteetaten.no/kid

Bestilling av skatteattest for skatt og arbeidsgjevaravgift

Ein skatteattest viser betalingsstatus for forfalne skattar og avgifter. Skatteattest er ein indikasjon på seriøsitet og trygg økonomi hos leverandøren.

Sveio kommune, staten og andre offentlege verksemder krev at leverandørar av varer og tenester skal ha sitt mellomvære i orden med skatteetaten for at dei skal få eit oppdrag frå dei. Stadig fleire bedrifter stiller same krav. For at bedrifta skal være med på ein anbodsrunde, blir det kravd skatteattest. Dette jfr. forskrift om offentlege innkjøp.

Skatteattest får ein hos skatteoppkrevjaren eller ved å bestille direkte frå altinn:Gå til altinn

Forskottskatt privat

Gjeld for enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap.

Dersom du driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak) eller driv i ansvarleg selskap (ANS/DA), er du personleg skatteytar og skal betale forskottsskatt. 

Forskottsskatten blir skrive ut av skattekontoret på grunnlag av likningsopplysningar frå føregåande år. Nye enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap må derfor melde frå til skattekontoret om verksemda, og fortelje kor stort overskot (eller underskot) dei ventar det første året.

Forskottsskatten forfell til betaling i 4 like store terminar 15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november.

Tilleggsforskott:
Dersom den førebels skatteberekninga viser at den utrekna skatten blir større enn innbetalt forskottsskatt, kan du betale tilleggsforskott for å unngå rentetillegg på restskatten. Fristen for å betale tilleggsforskott er 31. mai.

Forskottsskatt næring

Upersonlege skatteytarar som aksjeselskap, NUF, verdipapirfond og bankar skal betale forskottsskatt. Forskottsskatt er den delen av skatten som selskapet skal betale før utrekning av likninga er føreteke. Forskottskatt blir skrive ut av skattekontoret på grunnlag av likningsopplysningar frå føregåande år. Forskottsskattesetel, kor det står kor mykje som skal betalast i forskottsskatt, blir sendt ut frå skattekontoret i januar, året etter inntektsåret.

Tilleggsforskott:
Dersom foreløpige skatteberekningar viser at den utrekna skatten blir større enn innbetalt forskottsskatt, kan du betale tilleggsforskott for å unngå rentetillegg på restskatten. Fristen for å betale tilleggsforskott er 31. mai


Kva gjer skatteoppkrevjaren og kva gjer skattekontoret?

Kontakt kemnerkontoret / skatteoppkrevjaren dersom du har spørsmål om:
• Innkrevjing av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift.
• Innkrevjing av forskotsskatt og restskatt.
• Innkrevjing av førehandsskatt og resterande skatt.
• Føring av kommunanes skatterekneskap.
• Skatteavrekning av alle forskots- og etterskotspliktige skatteytarar.
• Årsavrekning og arbeidsgjevaravgift.
• Skatteattest.

Kontakt skatteetaten dersom du har spørsmål om:
• Fastsetting av skattemessig inntekt, frådrag, formue eller gjeld.
• Klage på avrekning.
• Berekning av skatten.
• Skattekort eller utskrevet forskotsskatt.
• Moms/mva-attest

Kontaktinfo

Skatteoppkrevjar:
Silvia Økland
Telefon: 53 74 80 34
E-post: silvia.okland@sveio.kommune.no
 

Kart