Val 2017

valglogo_gull_nynorsk 2017.jpg - Klikk for stort bilete Måndag 11. september er valdagen for Stortings- og sametingsval 2017. 

På valdagen den 11. september må du røyste i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 1. juli 2017.

Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Fristen for å røyste på førehand i Noreg er seinast 8. september. Dersom du røyster på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli sendt til heimkommunen.

Det er kommunane som bestemmer kva for vallokale som skal brukast og opningstidene for desse, både ved førehandsrøystinga og på valdagen. Ta derfor kontakt med kommunen for nærare informasjon om vallokale og opningstider. 

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røysta i Noreg, kan du røysta på førehand hjå mange av dei norske utanriksstasjonane. Fristen for å røysta på førehand utanriks er innan 30. august. 

Meir info på Valg.no  

Førehandsrøysting og ambulerande røysting

Du vil stå i manntallet til den kommunen der du er registrert som busett i folkeregisteret 30. juni. Du kan likevel avgi førehandsrøyst i alle kommunar i Norge, og det er også høve til å stemme frå utlandet.

Førehandsrøystinga startar 10. august 2017.

Røystene må vera kommunen i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telje med i valoppgjeret. Veljaren er sjølv ansvarleg for å røysta på eit tidspunkt som gjer at førehandsrøysta kjem fram innan fristen.

Opningstider for førehandsrøysting i Servicekontoret:

I tida 10. august – 8. september:

Måndag – fredag:       kl. 08.00 – 15.30

Laurdag 02.09:           kl. 12.00 – 16.00

 

I tida 4. september – 8. september:

Måndag  04.09.17:     kl. 08.00 – 19.00

Tysdag   05.09.17:     kl. 08.00 – 19.00

Onsdag  06.09.17:      kl. 08.00 – 19.00

Torsdag 07.09.17:      kl. 08.00 – 19.00

Fredag   08.09.17:      kl. 08.00 – 19.00

Hugs å ta med legitimasjon.

Røystegjevinga går raskare om du også har med valkort

Fleire opplysningar om førehandsrøystinga og om aktuelle endringar i vallova i høve tidlegare år får du i telefon 53 74 80 00.

Røysta heime/Ambulerande røysting

Sjuke og uføre som ikkje kan ta seg fram til vallokale måndag den 11. september har høve til å røysta heime. Du ringer Sveio kommune, tlf. 53 74 80 00 og ber om ein avtale med røystemottakarar.

Røystemottakar ringjer deg tilbake, og vi gjer med glede avtale om å koma heim til deg slik at også du kan få røysta og nytta røysteretten din.

Du må oppmoda om røysting i heimen seinast 06.09.17.

Røyste frå utlandet

Det er også høve  til å røyste frå utlandet.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 29.08.2017